Frid i skogen den grøne

Frid i skogen den grøne er eit nyskrive eventyr av Sigmund Løvåsen om sjølvforakt og einsemd.
Frid er den utstøytte, umoglege jenta som søker tilflukt i fantasien. Der er ho helten som kjempar mot dragar og temmer troll, men innerst inne ønsker ho seg eigentleg berre ein ven.

Barna får bli med inn i fantasien til Frid -dit ho reiser når ting blir vanskeleg, til ein glitterskog kor alt kan skje. Der møter ho galopperande daude elgar og ekorn med toskete navn, ein frosk som så gjerne vil bli kyssa og eit troll så lite som eit blåbær. Men korleis finne motet som skal til for å nærme seg andre, heilt åpen og ærleg? Korleis våge å høyre til?

Medvirkende:
Manus: Sigmund Løvåsen
Regi: Jimmy Meurling
Kostyme og scenografi: Monica Valsø
Musikk og komposisjon: Helga Myhr
Idé, produsent og utøvar: Margit Myhr

Kontakt:
Margit Myhr
Telefon: 91637573
margitmyhr@gmail.com

Hjemmeside