DEI REISANDE

Romanifolket har vore ein del av det norske folket sidan 1500-talet. I ei tid utan internett, radio og TV bar dei med seg både folkemusikk og nye impulsar frå kontinentet, og mange av dei største spelemennene i norsk folkemusikk har vore av romanifolket, eller dei reisande som dei og vert kalla. På same tid vart romanifolket òg utsett for undertrykking og overgrep frå storsamfunnet. Sara Wilhelmsen er sjølv av romanifolket og tar utgangspunkt i songtradisjonen deira i framsyninga Dei reisande. Her får me mellom anna møta tippoldemora hennar, Tater-Milla, og far hennar igjen, sjølvaste Stor-Johan. Romanilivet har gjennom generasjonane hatt både gleder, sorger og vanskar, og songane speglar dette.

Medvirkende:
Sara Wilhelmsen (vokal)
Gjertrud Økland (fiolin)
Per Einar Watle (gitar)
Johan Egdetveit (trekkspel)

Fakta:
Manus: Sara Wilhelmsen og Anna S. Songe-Møller
Regi: Anna S. Songe-Møller
Produsent: Egil Ovesen (DKS Rogaland)
Målgruppe: 10-18 år
Kommentar: Produksjonen har spelt for mellomtrinnet, men er egna for eldre målgrupper.

Kontakt:
Johan Egdetveit
+47 917 55 724
johanegdetveit@me.com