DANSE, SA FELA!

Ei eventyrleg reise inn i huldrefolket sitt rike, med friske hallingspark og saftig felespel! Ei lita jente blir sett på prøve når ho blir bergteken inn i fjellet. Kan fuglar, hestar og ormar hjelpe ho? Med kløkt, spenst og listige krumspring prøvar ho å fri seg frå sjølvaste bergakongen. Danse, sa fela! er bygd opp som eit eventyr, og er ei moderne forestilling med tidlause referansar. Musikken og bevegelsesmaterialet er henta frå folkemusikken og folkedansen. Publikum vil gjennom dette språket bli introdusert for ei fantastifull fortelling. Dei blir direkte involvert i forestillinga på fleire måtar, både gjennom tekst, bevegelse og lyd.

Medvirkende:
Nina Fjeldet (fele, sang, tramp, dans)
Silje Onstad Hålien (sang, dans)

Fakta:
Produsenter: Silje Onstad Hålien og Nina Fjeldet
Målgruppe: 5-10 år
Kommentar: Forestillinga er spelt for barnehagar, skuler, bibliotek, eldresenter og på festival. Hovudmålgruppa er likevel småskulen (1.-4. klasse)
Varighet: 35 min
Opprigg: 45 min
Nedrigg: 20 min
Blending: Helst
Annet: Maks 100 elevar. Scene på gulvet, med ungane tett på, i halvsirkel på matter og benker. Scene omlag 5 x 8 meter. Trenger eit lite bord og ein enkel stol utan armlene. Akustisk så langt det går. Kan kjøres både med og uten lys, etter avtale.

Kontakt:
Silje Onstad Hålien
+47 913 19 222
siljehalien@gmail.com

Nettside: www.facebook.com/siljeognina